Er han kongen?
Heismontørane er «lønnsadelen i norsk arbeidsliv», hevdar NHO. – Dei
hamnar fort på ein halv million, seier viseadministrerande direktør Lars
Chr. Berge. Han tener tre gonger meir.
Magnus E. Marsdal magnus.marsdal@klassekampen.no
NHOs viseadministrerande direktør Lars Chr. Berge trur ingenting på at
det ligg meir enn snever eigeninteresse til grunn for den no fire månader
lange streiken til Heismontørenes fagforening. Montørane har argumentert
med at dei slåss for lønnsnivået i heile arbeidslivet og for vilkåra til
utanlandske arbeidsfolk som får jobb i Noreg.
– Det oppfattar eg som ei meiningsytring frå heismontørane, seier Berge
til Klassekampen.
– Finst det noko solidarisk ved denne streiken?
– Nei det kan eg på ingen måte sjå.
Tvert imot, meiner NHO. Heismontørane er «lønnsadelen i norsk arbeidsliv»
skriv dagleg leiar John E. Kaasa i Heisleverandørenes Forening, i ein
sint kronikk i Dagens Næringsliv 8. september. Kaasa er motparten til
streikeleiar Terje Skog. Og montørane er berre «ute etter å beskytte sitt
allerede meget høye lønnsnivå», hevdar han.
Meir adeleg
Lars Chr. Berge støttar Kaasa i at heismontørane er ein «lønnsadel».
– Dei hamnar fort på ein halv million, veit du. Då tenkjer eg ikkje på
grunnlønna, men på det dei faktisk får ut. Det er jo masse tillegg og
greier og greier, seier han.
– Om heismontørane er lønnsadel, kva er du då?
– Då er eg vel kanskje endå meir adeleg …
– Er det ikkje kongen som står over adelen?
– He he he he he. Vi får vel alle ei lønn etter vår utdanning og vår jobb
og sånn. Svarer Berge.
I 2002 hadde han ei skattepliktig inntekt på 1.325.100 kroner. Det er
etter alle frådrag. I denne inntektsklassen trekk folk i gjennomsnitt
frå ??? kroner. Så Lars Chr. Berge tener nok godt over 1,5 millionar kroner
i året no.
«Rettvis lønn»
Administrerande NHO-direktør Finn Bergesen jr. hadde i 2002 ei skattepliktig
inntekt på 1,8 millionar kroner. Adelsmann og streikeleiar Terje Skog
står til samanlikning oppført med 426.000 kroner. NHO-direktør Sigrun
Vågeng skatta av 1,1 millionar kroner. Styreleiaren Geir Kvifte i heisbransjens
NHO-organisasjon, Tekniske entreprenørers landsforening (TELFO), stod
i 2002 oppført med ein formue på 3,7 millionar kroner og 2,3 millionar
i skattbar inntekt. Lars Chr. Berge presiserer sitt synspunkt:
– Det er i høve til andre grupper handverkarar eg meiner heismontørane
er veldig godt betalte.
– Er du meir verdt enn ein handverkar?
– Korleis i all verda skal ein finna ut kva som er rettvist eller ikkje
rettvist? Det er ikkje mogleg å finna ein matematisk formel for kva som
er ei rettvis lønn.
– I så fall kan det vel vera at det er heismontørane heller enn andre
handverkarar som har rettvis lønn?
– Eg vil aldri bruka uttrykket rettvis lønn, svarer Berge.
Ikkje på topp
Heller ikkje vil han opplysa kor mykje han tener.
– Det seier eg aldri. Men eg ligg ikkje på topp blant juristar. Skattelistene
opplyser likevel eitt og anna.
– Når heismontørane er lønnsadel, så går du kanskje med på å vera
Lønnskongen?
– Nei, det går eg ikkje med på. Tvert imot, svarer Berge.
Han er ikkje kongen i NHO ein gong. NHO-president Erling Øverland frå
Statoil-leiinga står oppført med 3,1 millionar i skattbar inntekt i 2002.
Og fem millionar kroner i formue.
|