
Misbruker statistikk
Av Magnhild Folkvord lørdag 29. november, 2003
– Det er feil at gjennomsnittleg faktisk pensjonsalder i Noreg er
vel 58 år, slik det ofte blir hevda. Det seier Nova-forskar Axel West
Pedersen. Han meiner det rette tallet er 63,4 år.
Faren for at altfor mange skal gå ut av arbeidslivet «for tidleg» og
dei pensjonskostnadene det fører med seg, er ein viktig del av bakteppet
for den innstillinga som skal komma frå pensjonskommisjonen midt i desember.
Pensjonsforskar Axel West Pedersen ved Nova (Norsk institutt for forskning
om oppvekst, velferd og aldring) åtvarar mot feil bruk av statistikk i
den politiske debatten kring pensjonsspørsmåla.
Feil bilete
– Den statistikken som fortel om ein «gjennomsnittleg pensjonsalder» på
58,4 år, gir eit feil bilete av yrkesaktiviteten i Noreg, seier pensjonsforskar
Axel West Pedersen.
West Pedersen forklarer at denne statistikken, som blir utarbeidd av
Rikstrygdeverket, omfattar alle som blir pensjonerte, både uføre- og alderspensjonistar.
Også dei unge uføre, som aldri har vore i arbeidslivet, blir tatt med
i statistikken.
– Fordi statistikken omfattar dei som aldri har vore yrkesaktive, er
den ubrukeleg til å fortelja noko om faktisk pensjonsalder for folk som
har vore i arbeid, og som framleis er i arbeid når dei blir rekna som
«eldre arbeidstakarar». Dei som blir uføre før dei fyller 55 år er uinteressante
dersom vi skal seia noko om tidleg avgang frå arbeidslivet, seier forskaren.
West Pedersen peiker på at andre tal som også blir publisert av Rikstrygdeverket,
slik som forventa pensjonsalder for yrkesaktive (se faktaboks), er langt
meir brukbare i forhold til diskusjonen om alderspensjon. Desse tala (frå
2002) viser ein forventa pensjonsalder på 63,4 år om ein tar utgangspunkt
i aldersgruppa 50 til 70 år, og 65 år om ein ser på aldersgruppa 60 til
70 år.
West Pedersen understrekar at Noreg, jamført med mange andre land, har
høg yrkesdeltaking i dei eldre aldersgruppene. Han minner også om at pensjonsalder
ikkje treng vera det same som eit totalt farvel til arbeidslivet. Dei
som vel å trappa ned yrkesaktiviteten med å kombinera deltidspensjon og
deltidsarbeid, blir registrerte i pensjoniststatistikken frå den dagen
dei mottar noko pensjon, sjølv om dei kan vera delvis yrkesaktive til
dei er både 67 og 70 år.
Aukande AFP
– Men det er likevel ikkje så mange som står i jobb til dei når aldersgrensa
på 67 år?
– Dei undersøkingane vi har, viser at det er eit mindretal, seier forskaren.
Han viser mellom anna til ei undersøking gjort i 1996. Av personar som
var yrkesaktive ved fylte 55 år, var det under 40 prosent som gjekk direkte
frå arbeid til alderspensjon da dei fylte 67 år.
– Utan å ha sikre tal å visa til vil eg tru at den andelen er lågare i
dag, mellom anna fordi endringar i ordninga med avtalefesta pensjon (AFP)
har gjort at fleire kan gjera bruk av den frå 62 år, seier West Pedersen.
|