Arbeidsgjevar krev tariffløn til utlendingarTrond-Harald Alvær hos Maler- og Byggtapetserermestrenes Forening i Bergen gjer felles sak med fagrørsla og krev tariffløn til utlendingar i byggebransjen. (Kilde: Bergens tidende , publisert: 22.10.2004) Bygningsarbeidarane er i full sving med å førebu kravet om å lovfeste norske tariffavtalar. Ei slik lovfesting vil gjere det uråd å leige inn bygningsarbeidarar frå dei nye EU-landa til låge løner. - Det stiller vi oss svært positive til, seier Trond-Harald Alvær, dagleg leiar i Maler- og Byggtapetserermestrenes Forening i Bergen. Han likar ikkje det han karakterisere som sosial dumping. - Mitt inntrykk er at mange av dei som kjem opp hit frå Aust-Europa er blitt lovd heilt andre ting enn det dei får, seier Alvær. Konkurransevriding Alvær meiner firma som brukar lågtlønna arbeidskraft frå Aust-Europa skiplar konkurransen i byggebransjen. - Vi opplever det som konkurransevriding, når ein del av desse kan tilby uvanleg billeg arbeidskraft, seier han. Maler- og Byggtapetsermestrenes Forening i Bergen er i kontakt med sitt motstykke hos arbeidstakarane, Unionen fagforening, som er ein del av Fellesforbundet. Leiar i Unionen, Roger Pilskog, spådde i Bergens Tidende måndag i denne veka at Landsorganisasjonen i Noreg (LO) snart vil krevje ei landsomfattande lovfesting av norske tariffavtalar i byggebransjen. Pilskog trur sjansen for å få gjennomslag er god. Grunnen er at han meiner det er lettare å dokumentere bruken av underbetalt utanlandsk arbeidskraft i byggebransjen enn det var på oljeanlegga langs kysten. Alliansar på kryss og tvers Inge Bauge, leiar for Byggmesterforbundet region Vest i Bergen, stadfestar at hans organisasjon enno ikkje har teke standpunkt til lovfesting av tariffavtale. Temaet skal mellom anna drøftast på ei landsomfattande samling i november, der leiarane for alle byggmeisterlaug skal møtes. Dette er eit vanskeleg spørsmål. Ei slik lovfesting grip til dømes inn i organisasjonsfridomen, meiner Bauge. - Vi rokkar ved mykje meir enn berre det at arbeidstakarar frå nye EU-land ikkje skal få skvist lønn, seier Bauge Tormod Valde, byggmeister i Bergen og styremedlem i Norges Byggmesterforbund, seier det er ulike syn mellom arbeidsgjevarane. - Kven skal stå for rekrutteringa til faget og opplæring av fagarbeidarar viss heile bransjen består av estarar og polakkar, spør Valde. Usemje i LO Etter at lokale og regionale avdelingar i Fellesforbundet er ferdig med sin del av arbeidet, vil avdelingsleiar Halstein Sjøvold ved Fellesforbundet sitt kontor i Oslo få mykje av jobben med å førebu ein krav om lovfesta tariffavtalar. Han peikar på av Næringslivets Hovedorganisasjon gjerne ser at det vert innført ei minsteløn i Noreg, eit system som fagrørsla meiner berre vil vere med på å presse lønsnivået ned. Dilemmaet for fagrørsla er at ei lovfesting av tariffavtalar nettopp etablere eit slikt minstelønssystem. - Vi er ikkje så interessert i å bere ved til det behovet som NHO fyrer opp under, seier Sjøvold. 15 prosent utanlandsk - Det er veldig mange som har innleigde folk, seier Gullaksen. Han rekna med at kring 15 prosent av bygningsarbeidarane som er i sving på norske byggeplassar er leigd inn frå dei nye EU-landa. Byggeaktiviteten er høg, og utan denne arbeidskrafta ville kapasiteten i byggebransjen blitt tilsvarande mindre, meiner Gullaksen. |
|
|