Arbeidstilsynet krev dokumentasjon

Ein av dei polske arbeidarane i Volda var både tysdag og onsdag i kontakt med Arbeidstilsynet, som no har kravd at arbeidsgjevaren legg all tilgjengeleg informasjon på bordet.

(Kilde: Sunnmørsposten, publisert: 14.10.2004)

Distriktssjef Olaug Flø Brekke i Arbeidstilsynet 9. distrikt i Ålesund, stadfestar overfor Sunnmørsposten at ein talsperson for dei ti polakkane som er i konflikt med arbeidsgjevaren i Volda, har teke telefonisk kontakt om saka. No krev Arbeidstilsynet at arbeidsgjevaren, ålesundsfirmaet Marius Jakobsen AS, legg på bordet dokumentasjon på alt som har med kontraktar og avtalar med dei aktuelle polakkane. Distriktssjef Flø Brekke understrekar at Arbeidstilsynet førebels berre har polakkane sin versjon av arbeidskonflikten.

Får frist til 22. oktober
- Vi har ikkje påleggsmynde når det gjeld tarifftilhøve og arbeidsregulering som i denne saka. Derimot har vi rapporteringsplikt overfor Utlendingsdirektoratet (UDI), som har mynde til å gå direkte inn i slike konfliktsaker. - Alt onsdag sende Arbeidstilsynet brev til Marius Jakobsen AS, der vi ber selskapet skriftleg legge fram all aktuell dokumentasjon på arbeidsforholdet til polakkane. Selskapet har fått ein frist til 22. oktober på å gje respons på vår førespurnad, seier Flø Brekke. Tilsynspålegget til Arbeidstilsynet er i tråd med ei fersk lovendring i Utlendingslova, paragraf 11 a, der Arbeidstilsynet frå 1. oktober i år berre skal observere og deretter rapportere regelavvik til UDI eller politiet.

- Stor skilnad
Distriktssjef Flø Brekke meiner det springande punktet i denne saka vil vere på kva måte og på kva grunnlag dei polske arbeidarane kom til Norge på. - Det vil vere stor skilnad på om dei er tilsette i eit polsk dotterselskap, slik det har vore hevda, eller om dei er direkte tilsette hos oppdragsgjevaren dei har arbeidd for. Dersom det siste er tilfelle, skal også ein gyldig opphaldstillatelse liggje ved arbeidskontrakten, opplyser Olaug Flø Brekke i Arbeidstilsynet.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no