Arbeidstilsynet mot sosial dumping

Arbeidstilsynet vil no ha ei forklaring frå entreprenøren som tidligare i haust hadde tre polakkar i arbeid. Dei tre jobba som forskalingssnikkarar på nybygget til Førde Sentralsjukehus, og dei fekk berre 27 kroner i timen.

(Kilde: nrk.no, publisert: 00.00.2005)

Oddvar Mikalsen i Arbeidstilsynet seier dei vil ha ei forklaring, og dei har gitt entreprenøren frist ut denne veka. Utgangspunktet er at tilsynet frå 1. oktober skal auke innsatsen mot sosial dumping på bygge- og anleggsarbeidsplassar.

Innkjøpte tenester
Då historia om dei polske gjestearbeidarane som berre fekk 27 kroner timen vart kjend tidlegare i haust, gjekk Fellesforbundet ut og karakteriserte det som skjedde som sosial dumping. Entreprenøren forsvarte seg med at han kjøpte tenester frå firmaet Global Support og ikkje hadde noko med avlønninga å gjere.

Men sjølv om Arbeidstilsynet no vil ha ei skriftleg forklaring, så har førebelse kontrollar ikkje avdekt noko kritikkverdig på arbeidsplassen, seier Mikalsen.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no