Dumping eller utflagging?

"Trugsmål om utflagging vil forsere utviklinga av ei ny underklasse i arbeidslivet."

(Kilde: nationen.no, publisert: 20.10.2004)

Norge er det mest etterspurte landet for arbeidsinnvandring frå dei nye EU-landa, melder NRK. Det er snart gått eit halvt år sia utvidinga av den europeiske arbeidsmarknaden. No kjem det rapportar om aukande misnøye blant polske bygningsarbeidarar, og vi ser varsel om utflagging frå verksemder dersom dei ikkje får drive sosial dumping.

Bergens Tidende har sett søkelys på lakseslakteriet Profish på Sotra, som sparer to millionar kroner i året på å leie inn arbeidskraft frå eit vikarbyrå i Litauen. Arbeidarane frå Litauen kostar Profish 40 kroner timen mindre enn vikarar frå nordiske land. Arbeidsrettseksperten Jan Tormod Dege meiner dette er i strid med arbeidsmiljølova, fordi vikarbruken er fast og stabil; ikkje mellombels og avgrensa.

Tenestedirektivet i EU seier at alle firma i EU fritt kan konkurrere om oppdrag i EU/EØS-området, og dette gjer vikarbyrå i låglønsland interessante for norske verksemder. Administrerande direktør Geir Andreassen i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) seier at alternativet til slike avtaler er å sende råstoff ut av landet til område der arbeidskrafta er billegare. Han meiner det er betre dersom ein med utanlandsk arbeidskraft kan halde ein større del av verdiskaping og sysselsetting i Norge.

Fiskerinæringa har pressa økonomi, men vi kan ikkje akseptere at valet står mellom dumping og utflagging. Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforening (NNN) skuldar FHL for å oppfordre verksemdene til å bryte lov- og avtaleverket. Det har lenge vore mange utanlandske tilsette i fiskeindustrien, men fagrørsla vil ikkje vil akseptere diskriminering av utanlandsk arbeidskraft.

Det kan bli mange slike dilemma i tida som kjem. Mykje tyder på at EUs tenestedirektiv og andre arbeidsmarknadsreglar kjem i strid med prinsipp i arbeidsmiljølova, som sterke politiske og økonomiske krefter vil endre. Trugsmål om utflagging vil forsere utviklinga av ei ny underklasse i arbeidslivet, og svekkje rettane til norske arbeidstakarar. Nett som mange spådde.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no