Fagforbundet vil sjekke saka

Distriktssekretær Melvin Steinsvoll i LO Møre og Romsdal vil ha granska saka i Volda, der polakkar hevdar dei ikkje har fått løn etter avtale.

(Kilde: Sunnmørsposten, publisert: 15.10.2004)

Distriktssekretær Melvin Steinsvoll i LO Møre og Romsdal var ikkje kjend med saka til polakkane i Volda, då Sunnmørsposten tok kontakt tysdag ettermiddag.

- Dersom dei opplysningane eg no har fått stemmer, er det all grunn til å få sjekka firmaet som står bak byggjearbeida. Utgangspunktet er at utanlandske arbeidarar som er direkte tilsette i eit norsk firma, skal ha arbeidsavtale etter norske tarifftilhøve. Det første som må klarleggjast, er difor kva kontraktane til den einskilde arbeidar fortel om dette, meiner Steinsvoll.

Distriktssekretær Steinsvoll i LO meiner 140 kr timen for bygningsarbeid ligg nær opp til tariffen.

- Men dersom det er snakk om meir enn ei halvering av denne timesatsen, har vi også å gjere med svært uheldig konkurransevriding overfor andre aktørar i marknaden. Alt i dag vil eg be både Sunnmøre fagforeining og Søre Sunnmøre fagforeining ta tak i denne saka. Vi bør snarast finne ut kva som ligg bak polakkane sin aksjon mot arbeidsgjevaren, seier Melvin Steinsvoll til Sunnmørsposten.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no