Heisstreik til arbeidsretten

NHO går til sak mot LO og heismontørane for rettstridig og tariffstridig framferd.

(Magnhild Folkvord, Klassekampen)

NHO, Telfo (Tekniske entreprenørers landsforening), Schindler Stahl Heiser AS og Otis AS saksøkjer LO, El og IT Forbundet og Montørklubben ved Schindler Stahl Heiser AS. NHO skal ifølgje direktør Sigrun Vågeng ha fleire eksempel på at einskildpersonar som ikkje er i konflikt skal ha blitt hindra i å gjera jobben sin av streikande arbeidskollegaer. NHO-direktør Vågeng understrekar i ei pressemelding at det er sjeldan NHO går til arbeidsretten, men no er det nødvendig.

- Situasjonen er fastlåst og vi reknar dette som alvorleg, seier Vågeng.

Ikkje overraska
Korkje Jan Olav Andersen, forhandlingsleiar i El og IT Forbundet, eller Terje Skog, talsperson for dei streikande heismontørane, er overraska over at det kjem eit sånt søksmål.

- NHO køyrer eit hardt løp, og prøver alt for å ta oss på formalitetar. Dei prøver også å laga splitting mellom oss og LO, noko som til no ikkje har lykkast, seier Skog.

Andersen konstaterer at noko av det som ligg til grunn for søksmålet, er direkte usemje om konkrete spørsmål.

- Vi og NHO har ulike meiningar om kva som er streikebryteri. Våre folk har prøvd å hindra streikebryteri, NHO hevdar dei har rett til å omdisponera folk som ikkje er i konflikt, er Andersen sin kommentar til den delen av søksmålet som gjeld Otis AS. Når det gjeld Schindler Stahl Heiser AS, viser forhandlingsleiaren til at dette gjeld forhold som har vore drøfta, og det er laga ein protokoll som slår fast at det er usemje mellom partane.

- NHO har valt å setja fokus på alt anna enn å få ei løysing gjennom å diskutera det denne saka faktisk handlar om, seier Andersen.

Støtte frå Steen & Steen
Reiulf Steen, tidlegare leiar for Arbeidarpartiet, og forfattar Thorvald Steen presenterte i går eit opprop til støtte for dei streikande heismontørane på vegner av ei rekkje akademikarar, forfattarar, biletkunstnarar og andre, inkludert tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen.

To herrar Steen, som rett nok har same etternamn, men som ikkje har hatt for vane å opptre på same politiske scene, understrekar begge at dette er ei sak som er så viktig at det er verd å sjå bort frå det dei er usamde om, for å kunna vera med og leggja eit press på Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) for å få ei løysing som både heismontørane og andre fagorganiserte kan vera nøgde med.

- Den kampen heismontørane no står i spissen for, markerer innleiinga til ein periode i norsk arbeidsliv som vil bli langt meir dramatisk enn noko anna vi har sett sia den andre verdskrigen, seier Reiulf Steen. - Det er viktige element i velferdsstaten som no står på spel, legg han til, og peiker på samanhengen mellom heismontørane sin kamp mot sosial dumping, framlegget til ny arbeidslivslov, stadige åtak på sjukelønnsordninga, og framlegget til pensjonsreform.

- Vi ser ei rekkje tiltak som vil tena til å auka klasseskilja, og til å overføra makta frå stemmesetelen til pengesetelen, og heismontørane skal ha all ære for å ha tatt eit initiativ til å bremsa denne utviklinga, seier den tidlegare Arbeiderparti-leiaren.

Thorvald Steen, som både er forfattar og har eiga røynsle frå fagrørsla, er glad for å kunna presentera eit støtteopprop med underskrivarar som vanlegvis er utanfor den tradisjonelle fagrørsla. Han har med undring registrert at streiken som snart har vart i fire månader, har vore svært lite synleg i media i denne tida.

- Nokon har prøvd å skapa eit bilete av grådige heismontørar, for å redusera streiken deira til noko smått og snevert. Vi ønskjer å få fram at heismontørane sin kamp for norsk lønn i Noreg, er ein kamp som gjeld oss alle, det er ein streik med langt større perspektiv enn vanlege lønnskrav, seier forfattaren, og viser til at det no er fritt fram for verksemder frå EU-land å bruka heimlandet sine lønns- og arbeidsvilkår på oppdrag i Noreg, seier forfattaren.

-Dersom fagrørsla godtar eit system der arbeidstakarane må underby kvarandre på lønn for å få jobb, vil det enda med at arbeidsgivarane åleine kan fastsetja lønns- og arbeidsvilkår. Vi vil få mange sosiale taparar som ikkje vil ha råd til å kjøpa velferdsgode på den private marknaden, legg han til.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no