Polske arbeidarar får 27 kroner timen
Polske forskalingsarbeidarar som deltek i byggearbeid på Førde Sentralsjukehus
får berre 27 kroner i timen. Oddbjørn Aalen i Fellesforundet meiner dette
er sosial dumping.
(Kilde:nrk.no
, publisert: 27.09.2004)
Lukasz Redzio er ein av dei polske forskalingssnikkarane som arbeider
ved sentralsjukehuset. Han tykkjer Noreg er eit vakkert, men svært dyrt
land å leve i. Saman med to landsmenn har han vore to månader her i landet.
Meir enn i Polen
Tidlegare har to av kollegaene hans jobba sju månader i Tyskland, men
for Lukasz er det første gong i utlandet. Han seier han ikkje har noko
val - løna han får ved å jobbe i Noreg er nær det doble av det han ville
fått heime i Polen. Men her i landet rekk ikkje den løna langt når ein
skal kjøpe mat, har den unge forskalingssnekkaren alt funne ut.
Betaler 200 kroner timen
Entreprenør Harald Kapstad som har dei polske forskalingssnikkarane i
arbeid, seier han leiger dei frå selskapet Global support og at han betaler
dette firmaet 200 kroner i timen, og at han ikkje veit kva polakkane til
slutt får.
Vil ta opp saka
Men så langt har ikkje Fellesforbundet funne dokumentasjon på at det er
snakk om leigefirma. Dei held difor fast på at dei tre gjestearbeidarane
må vere tilsette i firmaet til Kapstad, seier Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet.
Han seier han i løpet av dagen vil ta saka opp med byggherren.
|