Polske arbeidarar i bitter arbeidskonflikt

- Eg har jobba 650 timar, men får berre 6000 kroner i løn, seier ein fortvila Wieslav Zietek frå Polen. No krev han og ni landsmenn løna si. Arbeidsgjevaren har kasta dei ut og trugar med politiet.

(Kilde: Sunnmørsposten, publisert: 00.00.2005)

Det har oppstått ei bitter arbeidskonflikt mellom 10 polske arbeidarar og selskapet Marius Jakobsen AS frå Ålesund. Polakkane har den siste tida jobba fleire stader på Nordvestlandet, mellom anna i Ålesund, på Fjørtoft og i Volda.

I går var alle samla i Volda der dei har delteke i den omfattande renoveringa av Studentsamskipnaden sine hybelbygg på Heltne. No har dei 10 kollektivt lagt ned arbeidet i protest, fordi dei føler seg fullstendig rundlurte av den norske arbeidsgjevaren.

- Då vi møtte oppdragsgjevaren i Polen vart vi lova ei timeløn på 140 kroner. Etter at vi kom til Norge fekk pipa ein annan låt. Vi fekk beskjed om at timeløna ville bli 60 kroner minus skatt og minus matpengar. Etter kvart fekk vi ikkje utbetalt denne løna ein gong. Eg har jobba 650 timar, men har fått utbetalt berre 6.000 kroner. Eg har rekna ut at det vil gje ei timeløn på litt over ni kroner. Når vi har spurd om meir betaling har arbeidsgjevaren uttalt at han ikkje har meir pengar. Vi er lurte trill rundt og utnytta på det grovaste av selskapet frå Ålesund, seier ein fortvila Wieslav Zietek.

- Truga med utkasting
- Korleis har utbetalinga av løn gått føre seg?
- Vi har nokre gonger fått stukke ein tusenlapp i lomma. Dette har vi måtta kvittere for på ein papirlapp, seier han.

Zietek og dei ni andre landsmennene har bestemt seg til å bli buande i studentblokka på Heltne til dei har fått utbetalt løna si.

- Måndag kveld fekk vi beskjed av sjefane i Marius Jakobsen AS at vi måtte forlate studentblokka omgåande. Gjorde vi ikkje det ville dei kontakte politiet. Vi følte situasjonen svært trugande og ubehageleg, seier Zietek på vegner av dei 10.

- Kor lange arbeidsdagar har de?
- Vi arbeider frå klokka 07.00 om morgonen til klokka 19.00 på kvelden seks dagar i veka. I løpet av arbeidsdagen har vi tre pausar og avtalen var at vi skulle få betalt for 10 timar per dag, seier han.

Kvinnene jobbar sju dagar i veka Krystyna Szatkiewicz og Kasia Malczcwska har ansvaret for matstellet på studentblokk E, der polakkane bur medan dei renoverer blokkene på Heltne.

- Vi må vere oppe klokka halv seks om morgonen for å ha maten klar, og er ikkje ferdige med det siste måltidet før i halv ni-tida på kvelden. Vi må arbeide alle sju dagane i veka. I det siste har vi ikkje fått utbetalt løn. Det heile er svært fortvilande, seier Malczcwska.

- Kor lenge kjem de til å bli buande på studentblokka i Volda?
- Her kjem vi til å bli til vi får utbetalt det vi har krav på. Kor lang tid det tar er uråd å vite. Men ein ting er sikkert, vi er ferdige med Marius Jakobsen AS. Eit så useriøst firma vil vi ikkje ha meir med å gjere, seier ho.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no