- Ein propagandakrig

TV 2 leverte tysdag 1. desember to eksempel på heismontørstreiken "rammer stadig flere eldre og bevegelseshemmede". I begge tilfella har NHO avslått søknad om dispensasjon. I begge tilfella nekta NHO for at dette var tilfellet, påstår TV 2.

Magnus E. Marsdal

TV 2-Nyhetene onsdag 1.desember, kl 21.10: "Eg forstår at folk flest no byrjar bli skikkeleg irritert, for dette har vart lenge". Statsminister Kjell Magne Bondevik er på veg opp trappa i Stortinget. Reporter Kjetil Løset halsar etter med mikrofon. Bondevik legg til at regjeringa må fylgja spelereglane i arbeidslivet. Så han kan ikkje lova lønnsnemnd mot streiken til heismontørane. "Men Statens helsetilsyn fylgjer no med for å sjå om situasjonen oppstår".

Frå studio forklarer TV 2 at "irritasjonen begynner å bli stor". Så er det Siv Jensen (Frp) sin tur. Ho er opprørt på vegne av "sjuke menneske, rullestolbrukarar og andre som ikkje kjem seg ut". Tydeleg inspirert av TV 2-Nyhetene dagen før:
"Streiken rammer nå stadig flere eldre og bevegelseshemmede", meldte TV 2 tysdag. Frå ein sjukeheim i Nord-Odal ser vi ei lita, gråhåra kvinne i rullestol. "Hit, men ikke lenger". Ho står fast ved toppen av den bratte trappa mellom etasjane. "87 år gamle Hjørdis er ett av mange ofre", opplyser reporteren. Ho sit fast i andre etasje.

Så får vi sjå ei gråhåra kvinne på 83 år, som i bitande kulde tek seg ned til bakken med den provisoriske heisen som går langs utsida av omsorgsbustaden i Havstadtunet burettslag på Byåasen i Trondheim. Den utvendige heisen går berre fem timar om dagen, og kjem til å kosta 150 000 kroner fram til nyttår, opplyser TV 2. Utgiftene kjem på toppen av husleia. "Eg veit ikkje om trygda strekk til. Og eg veit ikkje om det er rettvist. Heismontørane som streikar kunne spedd i litt", seier 83-åringen.

Tilbake til Siv Jensen, dagen etter: "Regjeringa må gripa inn", seier ho. "Må dei ty til tvungen lønnsnemd?" spør TV 2. "Ja, det meiner eg". I spørjetimen spelar Car I. Hagen same melodi: "Stadig flere eldre og funksjonshemmede blir nå direkte rammet av streiken til en fagforening som kynisk utnytter sitt monopol".

Frå talarstolen i Stortinget forsikrar statsministeren at dei rette instansar no fylgjer veldig nøye med på om streiken går ut over liv og helse.

Fikk ikkje søknad
Klassekampen har sett nærare på TV 2s to forteljingar om streiken som går ut over dei sjuke og fattige. Vi fann at det ikkje er heismontærane, men derimot NHOs bransjeorganisasjon Telfo (Tekniske entreprenørers landsforening) som har avslått dispensasjonssøknaden for sjukeheimen i Nord-Odal kommune. Det same gjeld omsorgsbustaden i Trondheim. Dette sa TV 2 ingenting om.

- Eg har snakka med Telfo. Dei sa dei ikkje har fått nokon søknad, opplyser TV2s journalist Terje Dalen til Klassekampen. Dette gjeld både Trondheim og Nord-Odal.

- Eg sit her med avslaget frå Telfo framfor meg. Søknaden er handsama og avslått 6. oktober klokka 10.00, opplyser ingeniør Tore Rønning i Trondheim og omegn boligbyggelag (Tobb). Tobb søkte om dispensasjon for to blokker i Havstadtunet burettslag.

- Eg fattar ikkje kvifor dei avslår. Her er det snakk om eldre folk med rullator, dei fleste over 70. Mange har flytta frå blokker i nærleiken nettopp fordi dei ikkje hadde heis, kommenterer Rønning. Ordførar Asgeir Østli i Nord-Odal kommune stadfester at det er søkt dispensasjon for sjukeheimen som var på TV 2 tysdag. Når Klassekampen ringjer, vedgår Ingar Tukun i Telfo at NHO-organisasjonen har avslått søknadene frå TOBB og Nord-Odal.

- Eg har fått spørsmål frå ein TV 2-journalist om Nord-Odal, ja. Men han trudde det var ei sak frå dei siste to månadene. Så eg fann ikkje noko. Men når vi leitar meir, viser det seg at søknaden kom inn tidlegare, forklarer Tukun. Tal frå Telfo og Heismontørenes fagforening tydar på at NHO har avslått rundt 150 av dei omlag 300 dispensasjonssøknadene så langt under konflikten.

Lockout, ikkje streik
Deretter viser det seg at påstanden om at dei eldre i Havstadtunet burettslag får 150 000 kroner i tillegg på husleiga ikkje stemmer.

- Den utvendige heisen høyrer til byggjeprosjektet. Dette har vi inne i budsjetta våre. Det blir ikkje lagt noko til husleiga, opplyser Tore Rønning i Tobb. Og "heismontørane som streikar" i Trondheim, og som i TV 2s reportasje blir oppfordra til å ta sin skjerv av dei 150 000 ikkje-eksisterande husleigekronene, viser seg å ikkje vera i streik. Dei er ute av arbeid på grunn av lockout frå Telfo.

- Eg sa til TV 2 at vårt eige firma Heistjenesten AS har tilbydd oss å ordna med kontrollen slik at heisane i omsorgsbustadene kjem i drift, opplyser tillitsvald Roar Strand, som var intervjua i reportasjen frå Trondheim.

- Men dette vart kutta vekk, legg han til.

Held tilbake fakta
Streikeleiar Terje Skog er kritisk til at Telfo held fakta om dispensasjonssøknader tilbake frå journalistar.
- Vi høyrer Carl I. Hagen omtaler vår fagforening som kynisk. Eg trur TV 2s innslag kan få fram litt om kven som er kyniske her. NHO fører ein propagandakrig, meiner Skog.

Telfos tarriffsjef John E. Kaasa seier til Klassekampen at han ikkje kan ta stilling til om det er tid for tvungen lønnsnemnd enno.
- Men eg kan seia det sånn at det kom jo fram ein del på tv. Eg tenkte spesielt på dette med om dei har eit verdig liv, dei folka som blir sitjande i blokka si.


Hjem Heismontørenes Fagforening, Brugt.14, 0186 Oslo, tlf.: 22-174550, faks: 22-174553,
e-post: heis@heis.no, www.heis.no